9 juli 2012

Washingtonseminaret – USA i kamp

I det vi går inn i fyrste veka av november, er det årlege Washingtonseminaret i gang. 45 nordmenn er på plass i verdas viktigaste hovudstad for å studere President Obamas attvalskampanje.
Washingtonseminaret – USA i kamp
For 11. gong er ein solid delegasjon med norske deltakarar på plass i verdas viktigaste hovudstad, for å studere amerikansk politikk, kampanjer og kommunikasjon i ei intens veke. Gruppa i år teljer 45 personar – alle i frå sentrale stillingar i dei politiske partia, statleg embetsverk, sentrale redaksjonar og kommunikasjonsstillingar frå offentleg, privat og frivillig sektor.


Obamas attvalskampanje


Fyrste veka i november er det nøyaktig eitt år igjen til USA nok ein gong skal gå til urnene for å velje president. USA er prega av kampanjer. President Obama skal denne gongen gjennomføre ei attvalskampanje – ikkje som ein outsidar frå Chicago, men som sitjande president. Det republikanske partiet vann ein viktig siger ved kongressvalet i 2010 og skal denne hausten prøve å samle seg om éin presidentkandidat som skal utfordre Obama. Så langt er feltet av kandidatar stort og splitta. Næringsinteresser og organisasjonar posisjonerer seg og driv sine kampanjer for å sikre sine saker og interesser på dei komande presidentkandidatane sine agendaer.


Midt oppi dette kokande og yrande politiske mylderet er Washingtonseminaret på plass for å studere kampanjeteknikkar, taleskriving, haldningsdanning og politisk strategi – med knallkompetente innleiarar på programmet. I løpet av dei 11 åra som seminaret har eksistert, har vi bygd eit nettverk av ekspertar
som gir oss den ypperste innsikta på dei ulike områda.


Finanskrise


USA sin økonomi og finanskrise skuggar over dei fleste andre tema og ser ut til å bli det heilt sentrale spørsmålet framfor valet om eitt år. Den kandidaten som med størst truverd kan bringe økonomien i ballanse og spreie optimisme blant jamne amerikanarar, vil stå best rusta til å ta sete i det ovale rommet om eitt år.


Det er liten tvil om at president Obama har skuffa mange veljarar. Millionar av amerikanarar har opplevde at lommeboka har blitt slankare, at huset har falle dramatisk i verdi eller har måtte seljast på tvangssal, mange har mista jobben og gjelda er nesten uhandterleg. Republikanarane er splitta mellom ei nesten ytterleggåande Tea Party rørsle, som ønskjer ei dramatisk nedbygging av den føderale staten og eit meir sentrumsorientert leiarskap, som truleg er naudsynt for å samle nok røyster til å vinne eit val.


Optimisme


Men eitt er alltid sikkert – den jamne amerikanar lar seg ikkje knekke. Det er knapt råd å treffe ein person som trur at landet ikkje vil reise seg att. Amerikanarar er ukuelege optimistar og har tru på at hardt arbeid og rett leiarskap kan bringe optimismen attende for heile landet.


Og her er vi, 45 nordmenn, som sug til oss lærdom om korleis vi kan gjere politisk kommunikasjon meir profesjonell, god og spanande heime i Noreg.



Kontaktperson:


John-Ragnar Aarset


Tlf: 22 04 82 14


E-post: aarset@hkstrategies.com


Publisert 01.11.11